DEN FORBASKA TILHENGJAREN

Brått fekk eg meg

ein tilhengjar

Ikkje ein slik me har

bak bilen

eller på Facebook

Nei denne var

heilt annleis

Eg kjende at det

vart så tungt

bakom meg

Eg halte og drog

slepa meg fram

forstod ikkje kva

herk eg drog på

Eg stoppa opp

snudde meg

og der såg eg den

forbaska nye

tilhengjaren min

Sjølvaste Fuck Cancer

hadde hekta

seg til meg igjen