Uforutsigbart

Deler nokre tankar igjen om korleis ein kreftdiagnose får oss til å leva på kanten av livet, heile tida, kvar dag. Uforutsigbart.

Ein er alltid på vakt etter endringar og mystiske symptom.
Ja, for ein har jo så mange rare vondtar og symptom som ein ikkje hadde før, og som ein ikkje forstår heilt kva er.
Ein prøver å vera rasjonelle og stiller raskt vår eigen diagnose, at dette nok «berre» er biverknader og seinskadar, og ingenting farleg.
Og skulle ein gløyma seg litt vekk ein dag, og sprudla litt over livet, kan ein vera sikker på at det plingar inn ei melding frå Helsenorge med påminning om neste time.
Fort å komma seg ned att på jorda🤣

Ein går alltid i spenning og redsel for at behandlinga skal visa den mørke sida av seg, at den sluttar å virka for nettopp deg, og at ein brått står der på bar bakke.
Raskt kan det komma ein stoppar for alle ynskje og vidare planar.

Eg går fortsatt i aktiv behandling, og er takknemleg for at den enno held meg i sjakk.
Men kreften er uforutsigbar og lumsk, som ein orm som ligg og lurar i lyngen.
Veit aldri om den brått høgg til igjen.
Så eg vil vel kalla meg stabil ustabil.
For ein kan aldri vera trygg og sikker på at ikkje nokre små motbydelige kreftceller klarar å smetta seg unna medisinen😱

Men å gå i behandling krev mykje av ein kropp og ingen går vel uskadd gjennom tøffe medisinar og inngrep.
Eg pleier å sei at eg er best i fart, men må nok innsjå at eg må avpassa farten etter forholda, sjølv om det ofte røyner på tolmodigheten min.🤣

LIVET MED KREFT

Kreft er som
ei uforutsigbar
fengselsstraff
med
ubestemt
soningstid

-Borghild oktober 2022-