CELLEGIFT
Gje meg håp
Gje meg tru
Gje meg eit ekstra
lag med hud
Slik at eg tåler
å bli flådd
Gje meg evne
Gje meg mot
Gje meg eit ekstra
lag med hud
Slik at eg toler
å bli flådd
Gje meg vilje
Gje meg kraft
Slik at eit ekstra
lag med hud
kan gje meg styrke
til å tola å bli flådd