TANKAR OM KREFT OG KAMP OG SÅNN

Det er eigentleg ganske så malplassert å snakka om kampen mot kreften, sjølv om det på sett og vis nettopp er ein kamp me står i.


Ein gysla tøff kamp, der ein går gjennom heftige operasjonar og fæle kurar, for å kunna stå i livet og vinna det tilbake, med og uten skavankar og seinskadar.
Ein kamp der me kavar oss opp og fram att for å finna igjen kvardagen og livet me så veldig gjerne vil tvihalda på, både for oss sjølve og for dei rundt oss.

Me må bruka alle våre krefter for å klara å stå i dei tøffaste dagane, der medisinane som skal halda oss i sjakk, gjer oss heilt sjakkmatt, men helst uten at omverden ser oss på desse svarte dagane.

Å kjempa er å stå imot, hindra angrep, forsvara seg, halda seg gåande, ikkje kasta inn håndkleet, kjempa for håpet om fleire lånte dagar.

Men det er ikkje ein kamp i den forstand at ein vinn eller tapar.
Det er ikkje eit spel me har meldt oss på for å visa styrken vår eller for å bli den flinkaste som vinn eller overlever.
Nei dette er ein pokkers drittkamp ein berre må stå i enten me vil eller ikkje.
Men premien kan likevel vera at me blir tilnærma friske eller iallefall stabile frå den lumske kreftsjukdommen som tok seg inn i vårt privatliv, som ein tjuv om natta.
Det er heller ikkje ein kamp som me gjev opp fordi medisinane ikkje virkar lenger.
For me bit oss fast og står på vidare, i håp om eit mirakel, på trass av mange nedturar.
Me klorar me oss fast og yter max, sjølv om me ligg strak ut på sofaen på lading.
Dette handlar ikkje om kor sterke me er til å sloss eller kor gode me er til å kjempa.
Dette handlar ikkje om å vera veltrent, å ha dei feitaste musklane eller å ha meir positiv viljestyrke enn andre.

Me er ikkje deltakarar i ein kamp med eit vinnerlag eller eit taparlag, der legen er dommaren.
Me har havna på uflaks-laget og me gjer berre vårt aller beste for å komma med på overlevelses-laget og orkar ikkje tanken på uflaks-laget, der ein får dårlig respons på medisinane, fordi nettopp vår kropp ikkje matchar dei lenger.
Enten virkar dei, eller så virkar dei ikkje, og då gjev dei deg ingen respons.
Og det er ein så frykteleg makteslaus følelse.
Dette kan ingen av oss styra sjølv om me kjempar aldri så tappert eller er aldri så positive og håpefulle.

Me har som oftast solide supporterar og ein heiagjeng som ivrig klappar oss fram, og den er gull verdt for å halda motivasjonen aktiv.
Men sjølv om me gjer alt som står i vår makt, og sjølv om heiagjengen er aldri så stor, er det ikkje alltid det går slik me trur, slik me ynskjer eller så inderleg håpar på.

Om det hadde vore slik at me overlever om berre me kjempar hardt nok, ville det nok ikkje vore mange kreftpasientar med gravstøtter rundtom. Som om dei tapte kampen fordi dei ikkje var flinke nok.
For dei kjempa garantert sin eigen harde kamp til fulle, men medisinen matcha dei desverre ikkje lenger.
Me kjempar jo alle for å halda oss fast i dette skjøre livet.
Det er det som er sjølve kampen vår, ikkje om det kan kallast ein kamp eller ikkje.
Ikkje om kor flinke me er til å bli friske frå ein lumsk drittsjukdom.

KREFTMEDISINENS SKYGGESIDE

Den grufulle
hatefulle
motbydelege men likevel
livsnødvendige gifta
som ein ofte
spyr av
spyr etter
Men som me likevel
lengtar etter å få
for at livet
skal kunna
fortsetja
enno ei stund
av den lånte tida
me fekk tilmålt

-Borghild-november 2022