DEN RAUDE SNORA

Ein liten rapport etter nytt opphald på hospitalet der livet innafor murane gjekk sin gang, og har no gått seg til, mens verden utenfor har laga førjulsstemning i kvar ei krå 🎄


Eg har hatt ei strabasiøs reise i ei tid no, der eg ikkje har sett hverken mål eller land, og ikkje ant om eg kom i mål, om eg kom meg til lands eller om eg berre måtte gje opp.
Smerter og operasjon set varige spor, som ein ikkje ristar av seg i ein fei.
Både hovud og kropp har jobba knallhardt.
Og når eg i tillegg no har fått meg ein ekstra kroppsdels-utvekst som må pleiast og stellast som ein nyfødd baby, og når eg har meir enn nok med meg sjølv, tippa heile tua mi.

Alt vart drit.
Alt vart tungt.
Alt vart meiningslaust og håplaust.
Eg resignerte og gav opp.
Eg var i sorg.

Men dei nydelegaste sjukepleiarane på kirurgisk avd på Voss, gjekk inn i mørke ilag med meg og lot meg både grina og mygla.

Men det aller beste dei gjorde for meg når eg hadde det så tungt, var at dei berre
FORSTOD MEG ❤️❤️
Og dei gav meg tid og rom, trøst og masse ros ❤️
Og sjølvsagt god og trygg pleie når eg brått vart ein STOMI-pasient!
Eg var nok ikkje klar for å bli det enno, men alternativet ville vore veldig dumt.

Eg kjende meg ødelagt og åleine, for eg kjenner ikkje ei sjel som går rundt med pose på magen.
Ein skikkeleg drittsekk som eg må bli glad i liksom! Huff!

Men eg blir fortaldt at det er så vanleg og så mange som har dette og lever i beste velgåande.
Men det er jo dei færraste som flaggar noko slikt, sjølv om det også finns modige sjeler på nettet.
Enno er det likevel tabu og fysjomfei for mange, desverre.

Derfor deler eg no mi historie, på trass av skam og stigma.
Måtte det hjelpa nokon andre som kjem i trøbbel med tarmen av ulike grunnar.

Men omstilling er alltid tøft, og det vil nok ta si tid å akseptera og finna rytmen i livet igjen.
Prøver å håpa på lettare dagar.

På grunn av alt dette, vart det pause i kreftbehandlinga.
Så no kjenner eg også på stress med at eg ikkje har den under kontroll nett no.

Eg vart «lauslatt» i dag, og kom heim på skjelvande bein.
Korleis eg vil klara meg uten mine kvite englar og uten den raude snora på puta, vil tida visa.

Ute er det klare og kalde desemberdagar med magisk lys.
Gler meg no til å finna fram julestemninga her i heimen også 🎄
No håpar eg på ei fin førjulstid for oss alle ❤️
God klem ❤️

DEN RAUDE SNORA

Den raude snora
som ligg der
trygt
på puta mi
alltid
Den er taumen
eg kan dra i
til alle
døgnets tider
som ei
sikringslenkje
til verda
utanfor
meg sjølv
På eit blunk
kjem det
reddande englar
som ser heile meg
Den livsviktige
raude snora
som eg famlar
etter i mørke
når eg
ligg der
heima i mi
eiga seng

Borghild-desember 2022