MED KREFT I BAGASJEN, del 2

Jammen fekk eg
gevinst på flaksloddet mitt i går👍

Legen min tok imot meg med eit stort smil og sa at hadde vore riktig så heldig og fin på CT-bildene eg tok sist veka.
SMIL🤣
FLAKS👍
Sidan eg gjekk ut og fortalde at eg venta så spent på CT-svaret, deler eg no denne gode meldinga om at dei nye medisinen har virka, og at den største bøllesvulsten har krympa og dei andre låg i ro.
Men all medisin har sin pris, og biverknadane følgjer alltid med på kjøpet.
Det er berre å tola…
Slik er livet med kreft i bagasjen.
Planen vidare er å fortsetja med medisinane, for uhelbredeleg kreft forsvinn ikkje berre ut i lause lufta desverre.
Men er så takknemleg for å få prøva ny medisin og for gevinsten denne gongen❤️
Eg lever i håpet❤️