FASADE - TANKAR FRÅ EIN SOFA

Skinnet bedrar heiter det, og det kan eg skriva under på.

For kor ofte har eg vel ikkje fått kommentarar om at eg ser både sprek og frisk ut, og dermed så går det nok tilsynelatande bra med meg.
Og det gjer det jo også, -innimellom.
Men alt er relativt, og eg kunne klart hatt det verre, men også klart hatt det bedre når eg viser meg ute blant folk.
Ein blir ein slags spesialist på å dekka over at sannheten kanskje eigentleg er at ein er både totalt sentrifugert og utlada, der ein står og smiler tappert mens ein nesten er på besvimelsens rand.
Og då blir det nok lett å bli oppfatta som om at ein er i beste velgåande.

For eg er nok skrudd sammen slik, at sjølv om eg er aldri så elendig, så prøver eg som oftast å stæsja meg bittelitt opp om eg skal utom døra eller om eg berre skal liggja på sofaen.
Det er mykje god helse i ok klær, litt rouge og ein liten dæsj med leppestift.
Eg orkar ikkje forfalla heilt, sjølv om eg er dårlig og heilt klart er i forfall.
For meg handlar det mest om eigenrespekt og velvære. For når eg møter meg sjølv i speilet i totalt ufjelga tilstand, blir eg berre så lei meg.
Derfor prøver eg då å «feika»meg bedre enn eg er, med nett litt stæsj.

Men dette gjer jo til at eg framstår som både frisk og rask, og i kjempeform for andre også, både for dei rundt meg og ikkje minst for behandlarar og legar.
Ein blir jo ofte «dømt» etter fasaden, og det har eg bittert erfart at behandlande lege meinte at alt var bra og at eg såg så veldig frisk ut, mens eg prøvde å sei ifrå at noko var gale, slik det var.
Så eg berre spør: Gjer eg meg sjølv ei bjørneteneste, når eg tek fram leppestiften?

Ingen er det ein ser!

FASADE I JANUAR
Fasade er når
du kjenner deg
som eit juletre
der kulene fortsatt
blenkjer
og glitteret
glitrar
Men alle barnålene
har ramla av

-borghild-januar 2023-