GODT NYTTÅR

Det er lenge sidan sist oppdatering.
Og det skyldast tilstanden etter knallhard cellegiftkur.
Den har slått fullstendig beina unna meg. Men den grå sofaen min har tatt trufast imot meg. Siste CT viste litt tilbaketrekning på svulstane, men eg har ikkje klart å jubla sidan formen har vore så krevjande. No ser eg fram til eit nytt bedre år og deler her nokre tankar om det.

 GODT NYTTÅR❤️
2024 ligg der og ventar
Eit heilt nyttår blir levert
utan oppskrift
utan bruksanvisning
Fasiten vil bli til med dei nye dagane
Dei nye dagane etter kvart som dei kjem og går
365 nye dagar
Det er desse nye dagane som blir til historie
Min historie
Vår historie
Dei vil bli lagt att med spor etter året slik det tok vegen gjennom kvardagane i livet vårt
Kor det vil gå, vil berre tida visa
Og korleis det vart må me venta eit år på for å få veta
Men mens året pågår kan me alle gjera vårt,for å skapa gode verdiar, gode minne og så god historie som me berre kan i det me står i❤️
Det som skjer i den store verda er det lite me kan gjera noko med desverre
Men hjerta mitt blør over dei grufulle bildene som rullar over skjermen kvar einaste dag
Skam over desse grufulle menneska som sit bak spakane og tillet seg å føra desse blodige meiningslause krigane
Me kan så lite gjera og eg kjenner meg så uendeleg makteslaus
Dette set varige spor og påverkar oss alle💔
Og det vil bli til ein grufull historie

 Men me må alle gjera vårt for å la det gode sigra sjølv om det ser håplaust ut
Dei små gode gjerningane me kan gjera for kvarandre ❤️
Om ikkje anna enn eit smil og ein klem❤️
Godt nyttår kvarandre❤️❤️