SKUMLE TIDER!

Eg har der skummelt for tida.
Skikkeleg skummelt.

Eg er i fritt fall og står utan medisin.
Medisinen eg har gått på dei siste fem månadene virka godt i starten, men no har kreften blitt for angrepslysten til at medisinen klarar å halda meg i balanse.
Har tatt ny CT, og må no venta på svaret, før vidare planar blir lagt.
Trur der blir ein type cellegift igjen.
Og det gruar eg meg fælt til, utfrå tidlegare dårlege opplevingar.
I mellomtida må eg leva med smertene og vissheten om at kreften har fritt spelerom.
Dagane blir meir varierande utfrå formen.

Men om eg er litt smertefri ei lita stund, kjenner eg på ei ubeskriveleg glede, nesten lykkerus og då hiv eg meg på eine prosjektet etter hitt.
Og akkurat no har eg eit stort prosjekt på gang, som eg skal fortelja om litt seinare.
Må nett landa det, før eg slepp det laus.
Det å ikkje ha vondt er ein vanvittig herleg godfølelse.
Eg blir berre so glad!
Har aldri tenkt over dette før, og set desto større pris på dei gylne stundene.
Og det er dei som held meg gåande.
Optimisten blir fort litt hyper, og det er då eg bestemmer meg for at mi avmålte tid skal vera effektiv og god.
Og eg tenkjer at om eg gjev opp og grev meg ned i bekymringar, får eg det veldig trist.
Men ikkje alltid kan eg styra dette, for når smertene høgg tak, hjelper det ikkje mykje å vera optimist heller.
Då ligg eg der, og syns alt er skikkeleg svart og trist.
Men eg er skapt slik at eg har vanskeleg for å liggja i ro, så då kravlar eg meg opp på to så fort eg kan.
Men igjen og igjen blir eg senka, og igjen og igjen må eg reisa meg opp att, åleine.

Så livet svingar heftig no igjen!

BEKYMRINGAR
Eg lever her og no
I dag
Eg kan ikkje
bekymra meg
for mykje
for morgondagen

Den kjem jo ubrukt
fersk
ufiltrert
ny
uprøvd
uopna
Uansett

Det blir å er kasta
bort tida
som eg har
så lite av
Det har eg
bomma på
mange gonger
Tulla bort tida
på bekymringar
som ikkje gjekk
slik eg
bekymra meg for
Eg er jo berre
her og no
Eg kan jo
ikkje veta
om tida blir
dårleg eller god
Og då har eg
ha sølt bort
dyrebar tid på
å plaga meg sjølv
og andre
på noko
som ikkje kom
og aldri vart
Det ville vera
ergeleg det

Eg er her
her og no
Og der er det
som tel
Det er det eg
må gle meg over
No

Men eg bekymrar meg
jo alltid likevel
Litt
Innimellom
på mørkerommet
når ingen ser det
Men ikkje i for store dosar
For då forblir eg
jo berre mørk

-august 2023