Tid for ein liten oppdatering

Eg har nettopp vore to dagar på Haukeland for cellegift, for denne kreften har vore utriveleg med meg i det siste desverre.
Behandlinga har gått greit, men det er noko forbaska drit.
Kjenner meg alltid så ekkelt forurensa etter slike dosar rett i kroppen.
Men eg har ikkje noko valg, så då er det ikkje vits i å syta.
Må berre stå i det.
Håpar inderleg at ikkje biverknadane kjem ramlande før eg skal ha det store boksleppet mitt på laurdag.
Då har eg lånt eit lokale på Voss og invitert til musikk, tale og bobler 🥂🥂
Dette har vore veldig viktig for meg å få til. For no vart det no eller aldri.

Boka mi «Uhøvla materiale», dikt og livstankar, er til salg via meg eller linken under.

Den er ei bok om livet på godt og vondt, og kreften min har fått mykje plass. Håpar du kan finna meining og mot i orda mine.

Når kreften prøver å ta knekken på meg, så prøver eg å ta knekken på kreften med positive prosjekt. Eg kallar dette livgjevande indremedisin 🙏❤️
Eg legg ved eit bilde av ein rhododendron-knopp som møtte meg så håpefullt på Haukeland no. Eg tenkte med meg, at der har den allerede planlagt neste vår.

Og eg vart møtt av håp ❤️
Ser fram til atter ein ny vår ❤️

Bestillingslink: https://forms.gle/AKGpsT4XQzouTBtj7

VESLE HÅP
Vesle Håp kom
innom ein dag
Ho sette seg ned
tok handa mi
såg på meg
og sa
Eg blir her hjå deg
for alltid ❤️

Borghild Ygre SkorveKommentar