JANUARTANKAR

Når eg no ligg her på Haukeland ein kald januardag kjenner eg kor tankane legg seg som eit slør over nakken min.
Kjenner dei er både tunge å bera, og litt ustyrlege for tida.

Det er mykje å forhalda seg til når ein har ein tøff kreftdiagnose hengjande over seg.
Derfor deler eg no litt her, for å letta litt på trykket.
Alltid godt å skriva det av seg.

Kreften er ikkje grei med meg for tida.
Den gjev meg både smerter og utlading.
Og det er søren meg så vanskeleg å godta når det går over så lang tid.
Eg er jo ei litt rastlaus sjel, og vil helst ha rask bedring, men no har eg måtta finna meg i at alt går litt langsommare her på jorda,og tek si tid som om heile himlen har ramla ned.
Og heller ikkje alt virkar slik det gjorde før.

Eg har lenge streva med ein tumor som har vore så grusomt smertefull, så i dag er eg her på Haukeland for å prøva med stråling på denne bølleklumpen.
Men rett før eg skulle inn, fekk eg berre full panikk.
Kva med alle biverknadane?
Kan eg risikera at alt berre blir verre?
Orkar eg fleire plager?
Tenk om eg angrar?
Men kva er alternativet?
Å fortsetta med samme smertene og håpa at dei forsvinn i lause lufta av seg sjølv?
Etter gjennomgang med ein god lege, vart det stråling likevel.
Det får bera eller brista, konkluderte eg.

Kjenner meg så sliten av alltid å ha smerter eg ikkje berre kan skru av.
Ja, for det er tungt å bera ein sjuk kropp.

DET ER TUNGT
Det er tungt å bera
ein sjuk kropp
Halda den oppe
Halda den heil
Halda den ihop
Halda den i gang
Alltid passa på
at den ikkje
ber for tungt
For det er veldig
tungt å bera
ein sjuk kropp