UVISSE, SMERTER OG SORG

Det har vore stille frå meg ei stund no. 
Veldig stille. 
Kroppen har krangla i lang tid og det fører til at eg blir ein passiv sofaslitar.

Og det ynskjer eg ikkje på nokon måte å vera. 
Det gjer meg berre så trist, lei og fortvila. 
Likar meg jo best i fart 👍
Men magesmertene er vanskeleg å få bukt med. 
Har prøvd alskens heavy smertestillande medisin😱
Men nokon av desse er så røffe at dei lammar heile systemet og eg får forstoppelse og elendighet.
Og det er det siste denne sammenvokste magen min treng.
Sist CT viste stort sett at det ikkje har vokst sidan sist heldigvis, bortsett frå nokre metastasar som desverre har auka.
Og dette er til besvær for både meg og ein sart mage. 
Kuren har blitt utsett i sju veker av ulike grunnar, og det skapar uro og bekymring.
Gale er det å få kur, og gale er det å ikkje få den. 
Dette kreftlivet er ein fortvilandes utforbakke. 
Bratt og uforutsigbar. 
Eg er berre så lei meg for dette, og går og ber på ei uopna sorg, den kvite ventesorga der ein ikkje veit kor det vil gå og kva det er som kan velta alt.
Men no er det heldigvis planlagt kur kommande veke, og det kjennes trygt ut å komma i gang, sjølv om kroppen ikkje er så mottakeleg akkurat no😪men eg lever i og med håpet, og eg gjer alt eg kan for å ikkje havna i den negative grøfta, sjølv om det røyner på innimellom. 
Gode klemmar rundtom❤️

KVIT SORG
Kvit sorg
er så smertefull kvit
Innimellom er den 
så smertefull tung
og så
smertefull einsam
og så 
smertefull vond
Nesten som iskald snø
nedover ryggen
Den smeltar og blir borte
Borte heilt til den kjem att 
og fortel deg at du
har ei tung sorg i livet
som berre du lyt bera 
åleine 💔