HÅPET ER DEN DRAUMEN EG BER PÅ

Kjære alle mine gode følgerar ❤️

Eg har hatt stor glede av å få vera gjesteskribent her inne på Kreftkompasset, der eg har fortalt om mine oppturar og nedturar i livet med kreft.
Responsen har vore overveldande der heiagjengen min har skrive så mange gode fine oppmuntrande ord til meg. Dette har verkeleg varma godt hjå ei fortvila sjel ❤️
No er eg desverre komt til siste kapittel i denne tunge kreftsjukdommen; Sorgens kapittel.
Legane har ikkje meir å tilby av cellegift og behandlinga må dermed avsluttast.
Frå no av vil eg kun få smertelindring.
Dette var ein skrekkeleg vond beskjed å få, og den kom så brått og så altfor tidleg.
Eg klarar ikkje ta det inn over meg, for eg er ikkje klar for dette enno. Har så mykje eg vil ha gjort og opplevd. Eg er så frykteleg lei meg og det kjennes så uverkeleg og surrealistisk 😢😢
Det er med stor sorg eg måtte dela dette med mannen min og barna mine.
Er så lei meg for å påføra dei så mykje sorg 😢
Oppi alt er eg så evig takknemleg for å ha dei så nær meg og få all deira varme ❤️

Men eg lever enno i håpet om at det skal skje eit mirakel 🙏❤️
Eg deler dette her no, sidan eg har vore open om stoda heile vegen og eg treng all den trøst eg kan få ❤️
Eg deler eit dikt frå boka mi til slutt.

Gode klemmar frå Borghild

HÅPET ER DEN DRAUMEN EG BER PÅ
Håpet er magien
som får meg til
å halda ut dei
tyngste taka
Håpet er nerva som
held meg fast til livet
Håpet er den draumen
eg ber på
når alt håp er ute ❤️