TUNGE TIDER

Eg har lenge vore i tvil om eg skal skriva noko meir her og oppdatera om min status.

Det er tunge vanskelege ord å ta opp.
Ord me ikkje snakkar så heilt opent om.
Me veit jo alle at me skal fara herifrå, men me veit ikkje kor tid.
Eg veit at mi tid er veldig begrensa, og det er tungt å ta inn over seg.
Eg har så mykje ugjort enno. Ligg fortsatt på Haukeland palliativ lindrande eining.
Dagen i dag er ekstra tøff for meg.
Hadde som mål å nå konfirmasjonen til mitt kjære barnebarn Ola ❤️
Men er desverre for dårlig til det.
Håpar no å bli overflytta til Voss neste veke.
Eg treng å vera nær alle mine kjære ❤️

LIVET ER I FARE
Kjenner det er skummelt no
Kvar dag må eg må tenkja tankar eg ikkje
hadde tenkt å tenkja enno
Kor blir det av meg?
Kor vil det gå med mine kjære?
Eg leitar, men finn ikkje svar
Men eg håpar på bedre dagar ❤️