SEI DU FORSTÅR MEG

Det er i dag fem dagar sidan siste kur. Eg hadde laga meg nokre overmodige forventningar om at eg skulle komma meg litt kjappare denne gongen. Sist kur stal 10 av dei 14 dagane eg hadde å gå på.

Eg har prøvd å finna både psykisk og fysisk styrke, men hjernen min og kroppen min samarbeidar dårlig for tida. Kroppen nektar å gjera det hjernen ber om. Så dermed har sofaen blitt kompromisset.

Når ein likar seg best i fart, blir det til tider vondt å innsjå at eg må kapitulera. Veit så inderleg vel, at når gifta romsterar, både bør og skal eg roa meg heilt ned. Men så kjenner eg på alle forventningar, dei eg set til meg sjølv heile tida. Om at eg burde gått ut ein tur, eg burde rydda, eg burde tatt imot besøk, eg burde vore blidare og meir positiv.

Eg vil jo så gjerne, men må bere innsjå at eg ikkje kan styra dette med viljen min. Det er ikkje i viljen eg har kreft, det er i magen og dalstrøka innafor, og der romsterar cellegifta for fullt, med å drepa alle viltre kreftceller.

SEI DU FORSTÅR MEG 

Sei du forstår meg

for eg treng å høyra 

At du kviskrar desse orda i øyra: 

Eg forstår deg 

 

Sei du forstår meg 

når eg ligg nede og klagar 

Sei du forstår 

at eg har mine gråe dagar 

 

Sei du forstår 

at eg ikkje manglar 

vilje og mot 

Men at alt no berre 

er kaos og rot 

 

Sei du forstår meg 

når eg ser berre det svarte 

Og ikkje finn fram 

på vegen og kartet 

 

Sei du forstår meg 

når eg er ein redd 

negativ pessimist 

Sei du forstår 

kvifor eg er så trist 

 

Du ser eg snublar i mørke 

du ser eg har smiletørke 

Eg vil det då så inderleg vel 

at du forstår meg 

 

Men deretter kan du sei 

dei forløysande orda 

At alt vil gå bra 

både med meg og jorda!