INGEN OPPTUR I SIKTE

Oppturen min er utsett på ubestemt tid.

Kom inn på HUS på mandag for eit skift av PP-kateter.
Eg hadde bedt ettertrykkeleg om bedøvelse.
Men neidå, dei køyrde på og sa det var fort gjort.
Akkurat det opplevde ikkje eg, men at det var grusomt smertefullt lenge, det skal eg skriva under på.
Aldri meir!!!
Slik skal det heller ikkje vera!!!
Dermed vart det ein skikkeleg dårlig start på veka.
Tirsdagen hadde eg håpa at oppturen skulle komma i ilag med svaret på siste CT’en.
Men neidå, det gjekk slett ikkje bra no heller 😥
Cellegifta eg har gått på no nokre månader, har ikkje klart å halda denne forbaska kreften i sjakk.
Så no er eg i gang med ny kur og sterkare lut.
Det gjer meg både trist og lei, fordi eg har prøvd denne gifta før, så eg veit nett kva eg går til.

Tankane er mange og lange, samtidig som eg kjenner meg herda og sterk, kjenner meg liten, redd og pressa inn i eit hjørne, der eg ikkje noko anna valg, enn å berre stå i ro.

No må eg først ha meg nokre sørgedagar før eg finn att håpet mitt.

Og deretter må eg lea meg litt ut frå hjørna mitt.
Første målet no å gjennomføra eit bokfordrag på Vardesenteret her på Haukeland.
Eg vart spurt for ei tid sidan, om eg kunne komma å presentera dikt frå boka mi «Uhøvla materiale» og då berre hoppa eg i det, og sa ja!
Dette har eg heller aldri gjort før så kvifor ikkje?
Håpar kroppen er med på leiken og spelar på lag.
Så kom gjerne innom kl 13.00 onsdag 15. november på Vardesenteret, for eit lite bokbad om aktuelle tema som treffer dei fleste av oss.

Om du vil førehandsbestilla boka, bruk linken under.
Velkommen 🥰
https://forms.gle/AKGpsT4XQzouTBtj7

VÅRENS HÅP
I haust planta eg håp
Eg planta vårens håp
Eg planta krokus
tulipanar
perleblom
snøklokker
påskeliljer og anemoner
Vårens vidunderlege håp
No ser eg fram til
at eg skal få sjå det
spira og gro
mens håpet mitt
står på vent 🌷