LIVET SVINGAR

November vart borte i mørke og tøffe cellegiftkurar.
Dei stal alt av energi og overskudd og tid til famile og venner.

Det har blitt mykje sofa.
Kroppen har hatt nok med å fordøya gifta som skal knusa denne grusomme kreften som herjar inni meg.
Den raserer og øydelegg alt, og enno er den sterkare enn gifta😪😪
Tida vil visa kven som vinn av dei to.
Men litt lyspunkt har det vore innimellom.

Hadde eit fantastisk fint bokbad på Vardesenteret på Haukeland i november og møtte mange fine folk og god prat.

I går hadde eg ein flott dag på Amfi og selde mange bøker, og møtte så fine folk som gjorde meg så inderleg glad.
Dei gav meg så flotte og rause tilbakemelding på boka mi, at eg vart heilt overvelda.
Ekte og godt!

Men ikkje mange timane etter havna eg inn att på sjukehuset med feber og full behandling. Så her ligg eg istadenfor å vera heima og baka pepperkaker med mine små.
Men eg får nydeleg godt stell her, og er så takknemleg for det.

Ellers er eg stolt over å ha selt ut første lading på 500 bøker av «Uhøvla materiale, dikt og livstankar» Og ny ladning er på plass. Så om nokon vil ha ein bok til julepresang eller til seg sjølv, er det berre å ta kontakt med meg.
Då blir eg ekstra førjulsglad.
Lovar gode lesestunder til ettertanke❤️ 

PRESTASJONAR
Eg er så lei meg i dag
for alt eg ikkje klarar
for alt eg ikkje maktar
Eg ligg berre strak
på min gråe sofa
Eg er ikkje skapt
for å liggja i ro
Er jo best i fart
Kjenner meg fortapt
Men så ser eg at eg
har visst gløymt
alt eg
klarte i går
Det er fort å gå seg vill i
prestasjonane

Det er aldri så svart at det ikkje er lys❤️