HARDE FAKTA OG HÅP

Å ha kreft er ein ustabil uforutsigbar tilværelse, som må opplevast for å begripast fullt ut.
Me får ein diagnose.
Kreft.
Med eller utan spreiing.

Den slår stygt, og me veit at frå no av vil livet bli heilt annleis.
Det vil bli svingande der alle følelsane vil bli sterkare.
Me tek CT, MR, PET-scan, røntgen, blodprøvar, biopsi og alskens andre prøvar som vil gje status på kva som er status.
Me kjem inn i eit pakkeforløp.
Tek nye prøvar.
Nye kontrollar.
Smerter.
Redsel.
Venting.
Veldig mykje venting.
Usikkerhet og sorg.
Sorg over tapt framtid.
Så kjem cellegifta.
Den må gjennomprøvast før alt anna. Biverknadane utblir sjeldan og aldri, og andre medisinar blir kanskje utprøvd, slik som i mitt tilfelle.
Eg har no gått på ein annan type medisin, ein mutasjons-hemmar i eit år, og den har helde kreften i sjakk inntil no. Men pga andre komplikasjonar, slike som ofte dukkar opp i eit forløp med den lumske kreften, har også denne medisinen måtta tatt ein pause.
Og pausar er frykteleg skummelt.
Då er ein nesten som i fritt fall og alt kan skje.
Det er nesten som ein kan høyra kor kreften gror.
CT-svaret mitt viser no desverre at denne forbanna kreften har nytta sjansen til å rigga seg endå meira til her inni magen min, i den korte medisin-pausen eg måtte ha.
No har den vore frekk nok til å dobla seg og formeira seg innabords hjå meg, og eg er igjen under angrep. Motivasjonen datt rett i do, og eg må bruka mykje krefter på å mobilisera og halda motet oppe, noko som er ekstra vanskeleg når dette dritet også i tillegg gjer så vondt.
Som ein usagt påminnelse om at noko skjer, men som ikkje er heilt bra. I tillegg er jernlageret heilt på bånn, og det tappar all energi.
Då gjeld det å grava djupt for å få tak i både motivasjon og håp.
Men for å sei det slik: Godt eg har øvd mykje opp gjennom livet på å takla tøffe utfordringar. For det er ein stor balansekunst å vera god på å ha det dårlig.

Eg likar jo best å dela gode svar og oppturar, men om eg utelet nedturane lagar eg eit glansbilde som ikkje fins.

Men noko positivt oppi det heile er at CEA’en (kreftmarkøren) har gått litt ned.
Og ikkje minst at eg no endeleg har blitt tatt opp i Impresstudien.
Det er ein ny studie på uhelbredeleg kreft, som går ut på at mine blodprøvar blir sjekka i over 500 genentiske analysar i håp om ein match for akkurat meg, slik at eg muligens kan få tilgang til ein annan tilpassa kreftbehandling som er basert på molekylære forandringar i kreftsvulstane, og som kanskje kan dunka dei tilbake, eller iallefall halda dei i sjakk.
Her kan du lesa meir om denne spennande studien: https://impress-norway.no/
I mellomtida må eg fortsetja med medisinen eg har fått siste året, ta smertestillande og setja min lit til at ny medisin vil matcha meg.

Styrken min blir bygd opp av vilje og ikkje minst all varme og omsorg eg får frå nær og fjern.
Eg får ofte spørsmål om kva eg trur på.
Svaret er omsorg og kjærlighet.

Samtidig må eg smørja meg med ein tålmodighet eg aldri har hatt så frykteleg mykje av.
Ventetid er alltid strabasiøst.
Men håpet er heldigvis med meg på lasset enno.

UNDER ANGREP
Eg er under angrep
Kreftcellene som har
invadert magen min
driv med full
utbygging igjen
Kjenner dei
brukar tøffe
verktøy no
Høgg og slår med
meisel og hammar
Og eit par strikkepinnar
for å gjera det
komplett ilt
Tek seg til rette
Forsyner seg av
inventaret mitt
og av alle
dalstrøka innafor
Fuck forbanna cancer!

-Borghild januar 2023-