NEDTURAR, OPPTURAR OG EIN GOD PORSJON UNDER

Dei siste månadane har vore veldig tøffe.
Alt har vore så farlig usikkert, og formen har vore svingande og laber.

Eg fekk meg ein trøkk og vart på nytt innlagt med heftige dagar.
Og det vart ekstra tøft og dramatisk for mine nærmaste som vart kalla inn til pårørandemøte.
Eit alvorleg og stort ord, som vart tolka som slutten. Me var alle sikre på at no var alt håp ute og det var kroken på døra. Men seig som eg er, har eg kravla meg opp att frå grøfta, og formen har komt seg betrakteleg, og smertene har roa seg.

Og i sist veke fekk eg brått besøk av Ånden 🤣 Då var eg nesten som i gamledagar, der eg gønna på med skrubbing, spyling, maling og vårarbeid. Ein utruleg herleg følelse, heilt til Fornuften kom og dempa meg ned.

Og på mandag fekk eg oppløftande CT-svar som viser at kreften faktisk har begynt å krympa litt og CEA’en har gått litt ned. Legen jubla og var både glad og overraska 👏 Dette var sensasjon, då dei ikkje hadde trua på å la meg bli med i studien fordi dei meinte eg ikkje ville få match!

Men eg gav meg ikkje, og har stått på i over 1 1/2 år og fekk til slutt match på gentesten, som opna muligheten til å få ein ny type medisin 🙏💪 Og at den no til og med viser tegn til å virka på min type kreft, er unikt, då ingen andre har fått denne medisinen for tarmkreft før. Kan dette vera eit aldri så lite mirakel og eit under? 🙏

Men oppi all optimismen, må eg også vera realistisk. Enno har kreften eit hardt grep om meg og kan til tider herja ille. Håpet er at den nye medisinen skal ta knekken på denne fuckings canceren!

EIT UNDER
Alt var svart
Eg gjekk i mørke
Håpet var ute
Draumen
var berre ein draum
Den hadde
dampa bort
ilag med
Håpet
som ei inntørka elv
Alt som stod att var
adjø og takk for alt
Mi tid her på jorda
var forbi

Men så kom
Våren
Løvetannen sprengde
seg opp gjennom
asfalten
Håpet og Draumen
var ikkje lenger
berre grått Håp
og tomme Draumar

Det var som eit
Under
Eg krabba meg sakte
opp att
frå grøfta
og mørke
vart til lys
Ånden kom
og blåste
fønvinden sin
over meg

Men korleis
halda fast i
Håpet, Draumen
Underet og Ånden
om eg misser
Trua
Eg trur nok
Trua treng
tid og bevis
for å tru på både
Håpet, Draumen og Underet
samtidig

Underet er
enno
skjørt
Men likevel sterkt
nok for
mi Tru
mitt Håp
og
mine Draumar ❤️

-Borghild juni 2023-