Kreftlivet er og blir stabilt ustabilt

Det er lenge sidan sist oppdatering no, og livet har gått litt både opp og ned, hit og dit.
Sommaren har vore lunka, varm våt, roleg og fin.
Eg har avpassa farten etter forholda, men har likevel sykla, vore til fjells, tatt ein Tromsøtur, plukka bær, planta blomar og ruska på litt i hagen.

Desverre vart mandagens legetime ein nedtur og ikkje heilt slik eg ynskte meg.
Jodå, eg hadde eit lite håp liggjande, men ingen forventningar, og det er eg glad for.
Då blir ikkje fallet fullt så hardt.
Desverre driv denne utrivelege kreften fortsatt og forsyner seg av kroppen min, bit for bit.
Og mens den held seg i ro på ein plass, dansar den på bordet på ein annan 😰
Og det skapar skikkeleg trøbbel for både for blodprøvar og diverse viktige passasjar.
Noko skyt i været, og noko tettar seg til.
Dette kreftlivet er og blir stabilt ustabilt.
Ikkje rart at både eg og folk rundt meg blir forvirra.
Nett slik som ein gammal kjenning utbraut spontant då han møtte meg:
Neimen, Borghild då, er DU i live enno? 🥺

Eg må innrømma at eg vart ganske sett ut av ei slikt litt på grensa direkte spørsmål.
Og det på eit tilfeldig butikkhjørne, på ein tirsdags føremiddag liksom.

Men eigentleg hadde han vel kanskje grunn for det direkte spørsmålet sitt.
For sant nok er eg jo her no på overtid, som ei bonustid på ein måte, på snart fjerde året.
Og eg får til og med god overtidsbetaling i form av meirtid med dei viktigaste i livet.

Men eg må ærleg innrømma at eg også eg også innimellom spør meg sjølv:
Er eg i live enno?
Eit rart spørsmål, men likevel reelt.
Og etter mandagens harde fakta midt i fleisen, kjenner eg at livet blir meir og meir spøkefullt.
Akkurat no kjenner eg meg heilt vakumpakka.
Klarar ikkje å føla noko som helst.
Tom og sammentrykt.
Må berre «prøve å finne meg sjæl», før eg kan landa att.

Men det har vore tøffe tak før og eg har allerde «gjenoppstått» fleire gonger, så det er fortsatt «hope in the hænging snor» 🤣

Det var jo ekstra tøft i vår då familen vart kalla inn
til pårørandemøte, og timaglasets siste rest såg ut til å renna ut.

Men så var det jammen meir kraft i denne løva her den gongen også, og no håpar eg at eg har litt løvekrefter igjen å henta, slik at eg kjem meg opp att av grøfta.

Eg hadde, og har slik trua på denne medisinen eg får no, at den må eg berre få bevist både for meg sjølv, forskninga og til dei som kjem etter meg, at det fins håp.
Så eg kan berre ikkje logga ut enno 🤣

Biverknadane og vondtar, må eg berre ta med på kjøpet.
Ingen kjem vel uskadd frå ein kreftbehandling.

Og kvar gong eg skal på kontroll kjennes det ut som ein dommedag.
Eller som eit som eit lotteri, der eg har flaks om det er vinn eller forsvinn.
Eg veit jo ikkje kor det vil gå.

Eg har vore med på denne trekninga mange gonger no etter kvart, og kjenner godt følelsen av både å trekkja vinnerloddet og looserloddet.
Det er ein merkeleg følelse.
Og svara er like vanskelege å ta inn over seg kvar gong.

Men enno står håpets batteri på lading ❤️

Klemiklem frå Borghild ❤️

DØDEN

Eg kjenner
du er der din snik
Du luskar
omkring meg
som ein tjuv
om natta
Du kastar
svarte skuggar
over meg
og plagar meg
med ditt nærvær
Du prøver å velta meg
overende
som eit tre i stormen
Men eg står her enno
om enn litt meir vaklevoren
Eg slepp deg neimen
ikkje innom
dørstokken min
Så slutt opp no
å plaga meg
gløym meg
gje meg fred
Hald deg langt vekke
Eg har ikkje
tid til slike
ubedne gjester
Eg har det for travelt
og så mykje ugjort
Men kom tilbake
om tjue år!