Utforbakke

Dette diktet vart «komponert» rett før operasjonen på mandag.
Alt har gått bra, så eg skal vel ikkje klaga. 

Men samtidig er eg berre så veldig lei meg no likevel.
Det er så ufatteleg tungt å bli fråtatt så mykje frihet. 
Frihet til å gå kledd nett slik eg vil.  
Frihet til å gå i skjørt.
Frihet til å vera fri til nett det eg vil. 

Eg veit dette måtte til for å redda nyra mi. 
Og det er eg så klart takknemleg for 🙏
Men likevel kjenner eg  på sorg over tapt frihet og identitet. 

Og for å forklara kva som står på, så har eg altså no fått operert inn eit Pyelostomikateter,
PP-kateter på ryggen.

Og med ein pose på magen, ein slange inn i ryggen og ein pose på låret, kan eg vel no kalla meg «Tante Pose»
Alt dette vil nok automatisk skapa begrensningar.

Det er heller ikkje lett å vera open om dette. 
Å snakka om noko så privat liksom. 
Men eg har sjølv sakna meir info om temaet, så då tenkte eg at om ingen fortel, så forblir det taust.
Det kjennes skamfullt, men kan ein skamma seg over noko ein ikkje kan hjelpa for?
Så no er det sagt, eg er blitt ei pose-dama, men er ikkje glad for det 🤣

Veit godt at det kunne vore verre, og at mange har det verre. 
Jadå. 
Men akkurat no har eg det vondt, og er lei meg, så derfor «klagar» eg meg høgt her no 😱

Men eg har stått i litt av kvart her i livet, så eg kjem meg nok opp att frå grøfta denne gongen og.
Treng berre litt tid på å fordøya slik hard tung kost på kort tid.

Men ellers har eg det bra og får så nydeleg godt stell her på Haukeland. 
Det varmar godt. 
Alle her er som vakre englar 👼❤️

No ligg eg her og ser på fine bilder etter ei herleg helg på vakre Solstrand Hotel, sammen med min kjære.
Det vart det nærmaste me kunne komma både til sol og strand nett no ☀️☀️👌❤️

UTFORBAKKE
Eg skal til pers
Ut i løypa igjen
Utforbakke
Rett utfor
Trur det er det samme 
som nedoverbakke
Eller er det hopp
eg skal bli med på
Hopp opp 
og hopp ned
Nedover og rett utfor
Like skummelt 
Anar ikkje 
kva som vil skje 
Eg har vore med på
oppoverbakke 
veldig lenge no
Den er som oftast
tung og bratt
Men den 
går iallefall 
oppover

-Borghild, 7. august 2023-