Livet er røft for tida

Livet er røft for tida.
Smertene har vore og er vanskeleg å få kontroll på.

Derfor er eg no her på Haukeland på den Palliative smertebehandlingsposten i håp om å få skikk på desse uregjerlege smertene.
Her får eg unik pleie og omsorg som nesten er umulig å beskriva med ord.
Så mykje varme og omsorg på eit brett!
Fantatisk❤️❤️
Og det er så lekkert og fint her i dei nye glassblokkene!👏
Bilde er frå eit av kvileromma på avdelinga.

 I tillegg til smertene har eg gått med uvissa om eg kunne få fleire kurar no.
Men på onsdag, etter god samtale med legen min, vart det avgjort at eg skulle få halda fram med cellegifta, sjølv om den er ganske så utriveleg å få inn i kroppen😱
Godt å få ein utvida sjanse til å bli her ei stund til❤️tusen takk🙏❤️

 Og som om dette ikkje er nok, har me i tillegg eit barn i familien som ligg alvorleg sjuk med epeleptiske anfall, vår skjønne Nina Alexandra❤️Ho har lagt mange døgn i respirator no, og alt har vore uvisst og skummelt.
Meir heldigvis er ho stabil no🙏

 Der er ekstra tøft for oss alle, når me er to i palliativt behandlingsregime😪
Livet er vore som været her vest, stormfullt.

 Då er det godt å halda sammen.
Så i natt sov svigerdattera mi Christina, på rom med meg, då Nina hadde far på besøk.
Er me ikkje tøffe i pysjamas?
«Pysjamaspikene»er sammen for livet❤️❤️

FØLELSAR OG TANKAR

 Hadde følelsane
og tankane mine
hengt utenpå
kroppen
ville eg sett
veldig rar ut